Vaffelhjertekaféen er ein uformell møteplass der du kan slå av ein prat over ein kopp kaffi og nyte nysteikte vaflar i godt lag. Tilbodet er ope for alle, anten du kjem aleine eller saman med nokon, og vi vonar at kafeen vil bli ein stad der vi kan møtast, byggje fellesskap og ta vare på kvarandre.
Gjennom denne kafeen ynskjer vi å bidra til varme og samhald i bygda, og tilbodet er ein del av kyrkja sitt diakonale arbeid – der fellesskap og omsorg for medmenneske står sentralt. Vaffelhjertekaféen er òg ein stad for dei som berre vil stikke innom ein kort tur, eller for dei som vil sitje litt lenger og slå av ein lengre prat. Her er alle velkomne!
Så ta turen innom, om du vil ha ein pust i bakken i midt i veka, eller om du ynskjer å møte andre i lokalsamfunnet. Det er alltid plass til fleire rundt bordet, og vi gler oss til å sjå deg!
Tid: Kvar onsdag frå kl. 12.00 til 14.00
Stad: Kyrkjestova
Pris: Kaffi og vaflar til ein rimeleg pris
Velkomen til Vaffelhjertekaféen – der hjartet og fellesskapet står i sentrum!