Bli med å klargjere kyrkjegardane før sommaren. Kyrkjetenaren er tilstades og bistår i arbeidet. Ta gjerne med rive og anna utstyr du tenkjer kan vere nyttig denne dagen. Om nokon vil ta me kaffi og kake er det hyggeleg! Treng du råd og hjelp i høve vedlikehald av gravminne kan kyrkjetenaren spørjast om dette.
Endringar vert informert om på FB sida og heimesida til Lærdal sokneråd/kyrkja i Lærdal.
20.04 kl. 17.00 Tønjum kyrkjegard
27.04 kl. 17.00 Hauge kyrkjegard
04.05 kl. 17.00 Borgund kyrkjegard