Bjørgvin bispedøme har lyst ut stillinga som sokneprest i Lærdal med ny søknadsfrist 10.02.19. For å løyse vakanseperioden er Trond Fredrik Johansen tilsett i 50 % stilling fram til 1. mai. Han skal i hovudsak ha dei fleste gudstenester og gravferder i Lærdal. Helene Langeland er tilsett i 20 % stilling fram til 1. juli. Helene har konfirmantane og skal òg ha nokre gudstenester. Wenche Lie Lysne er tilsestt som sokneprest i Årdal, og er fungerande sokneprest i Lærdal fram til ny sokneprest er på plass. Wenche er i denne perioden medlem i Lærdal sokneråd.
Soknepreststillinga er lyst ut på ny
Bjørgvin bispedøme lyste ut soknepreststilling i Lærdal med søknadsfrist 6. januar og har no lyst ut stillinga med ny søknadsfrist 10.02.