Det vert gjeve smakebiter av liturgien etter gudstenesta palmesundag 2. april. Kyrkjelyden må gjerne høyre gjennom ny liturgien i forkant "Liturgisk musikk - Ressursbanken, Den norske kirke (kirken.no) Kyrkjeverja i Modalen gjev eit lite obs på at det er lett å gå seg vill i liturgisk musikk :). Men grunnserie nr 2 er i hovedsak det ein må konsentrere seg om.
Trykk på pdf-fil under for å lese detaljer i den nye liturgien.
Utdrag frå møteprotokollen:
Saksnr |
|
Møtedato |
S9/2022 |
Ny liturgi |
16.03.2023 |
Mo sokn må endre lokal liturgiordning etter pålegg frå biskop.
Det er lagt fram 3 grunnseriar å velge mellom. Mo sokneråd har fått gjennomgått forslaga og fått gjort seg opp ei meining.
Einstemmig vedtak:
Mo sokn stemmer for grunnserie nummer 2 om ikkje soknemøtet har sterke innvendinger. Ordninga skal implementerast 1. sundag etter påske.
Oppsummert:
· Grunnserie 2
· Mo sokn går for syndsvedkjenning før kyrie-leddet, jamfør punkt 5.
· Bønesvar, punkt 10. Mo sokn gjennomfører nytt bønesvar «Herre vår Gud, høyr oss når vi ber» av Johan Ugland – same som i Osterfjorden.