Nord-Aurdal kirkelige fellesråd, Skrautvål sokn
Ledig stilling: Klokkar 3,5 prosent stilling
Kva gjer ein klokkar? Den er prestens nærmaste medhjelpar i gudstenesta. Den deltek i gudstenesta og er mellom anna den som les tekstar, kunngjeringar og bøner. Den kan også vera nattverdsmedhjelpar. Kirkevergen er nærmaste leiar, men presten er arbeidsleiar for alle kyrkjelege handlingar som konfirmasjon og gudstenester der klokkaren har sin naturlege plass.
I Skrautvål sokn er det normalt gudsteneste ein gong per månad. I adventstida og enkelte andre gonger kan det vera aktuelt med fleire gudstenester. Dette blir i så fall avtala i god tid. Liturgisk språk er nynorsk.
Klokkaren blir tilsett i Nord-Aurdal kirkelige fellesråd. Der er det ca 25 tilsette i små og store stillingar, og vi er alle saman om å skape ei lokal og nær kyrkje for folk i ulike livsfasar. Tenesta vil i hovudsak være knytt til Skrauvål sokn og Skrautvål kyrkje. Men ved vakansar og sjukdom vil det vera aktuelt å bli spurt om å gjere teneste i andre sokn i kommunen. I tillegg til teneste i kyrkja, vil det normalt vere tre samlingar per år for alle tilsette i kyrkja i Nord-Aurdal.
Arbeidsoppgåver
- Vera prestens nærmaste medhjelpar i gudstenesta.
- Lese bibeltekstar og bøner.
- Førebu kunngjeringar og lese desse i gudstenesta.
- Delta i ca tre fellessamlingar for staben per år.
- Bidra til eit godt samarbeid mellom frivillige og tilsette som arbeider i kyrkja.
Kvalifikasjoner
- Du kan lese nynorsk og bokmål.
- Du har tydeleg stemme.
Personlige eigenskaper
- Du har ei tydeleg stemme som ber i kyrkjerommet.
- Du er trygg på deg sjølv og oppleves som tillitsskapende.
- Du har gode samarbeidsevner og søkjer løysingar i fellesskap.
- Du er omsorgsfull med evne til å møte både unge og eldre i ulike livssituasjonar.
- Du er positiv og imøtekomande.
- Vi tillegg personlege eigenskapar stor vekt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kolleger i ei raus og inkluderande folkekyrkje.
- Kirkevergen er din nærmeste leiar, men presten er arbeidsleiaren din i kyrkjelege handlingar.
- Pensjonsordning i KLP og tilsettingsvilkår etter tariffavtale i KA.
- Prøvetid på seks månader.
- Plusstid blir avspasert etter avtale.
- Oppstart så snart som rå.
Anna
- Du er medlem i Den norske kyrkje.
- Du må legge fram gyldig politiattest.
- Du må kunne koma deg til arbeid på eige hand.
Meir informasjon om oss finn du her: www.kirken.no/nord-aurdal og Facebook-sida for «Skrautvålskyrkja» og Facebook-sida for «Kirken i Nord-Aurdal»
Ta gjerne kontakt med kirkeverge Aud-Karin Hovi (tlf 907 12 261) eller sokneprest Kristine Inderhaug (tlf 958 12 505) dersom du lurer på noko.
Søknad og CV skal sendast til post.nord-aurdal@kirken.no innan 20. oktober 2021. Skriv «søknad på stilling som klokkar i Skrautvål» i emnefeltet.