ShubaDubs er eit familiekor for born i alderen 2,5-6 år og deira foreldre. Vi møtast annakvar torsdag i Tunet, kor vi syng ein halvtimes tid og avsluttar med kveldsmat. Tidspunkt for samlinga er 17.30-18.30.
Koret er organisert i Søndagsskulen og medlemskapet koster 50 kr. På denne måten finansierer vi kveldsmat. Det å smøre kveldsmat går på omgang mellom føresette, og vert servert frå kl. 18.00 til vi syng takk- og farvelsongen ca. kl. 18.20.
I blant deltek vi på gudsteneste eller andre arrangement og sprer glede med song og musikk!
Påmelding til Shubadubs skjer gjennom Søndagsskulen. Under "Medlemskap tilknyttet" vel du ShubaDubs. Når du har betalt medlemskapet, vert du lagt til i Spond. Påmelding finn du her: https://bidra.sondagsskolen.no/bli-medlem
Oppstart torsdag 4. september kl. 17.30 i Tunet!