Bli med på salmefest!

Torsdag 5. mars kl. 18:00 i Nore Neset kyrkje feirar vi Salmefest! Kor, band og orgel spelar opp «tru, trøkk og tango» - kom og bli med!

Biletet er frå kor-prosjekt i Os kyrkje i 2025 - men denne gongen skjer det i Nore Neset kyrkje! Foto: Sigurd R. Tunestveit
Biletet er frå kor-prosjekt i Os kyrkje i 2025 - men denne gongen skjer det i Nore Neset kyrkje! Foto: Sigurd R. Tunestveit

Salmefest med «tru, trøkk og tango»!

Kantor Irina Tarasova og dirigent Marius Dale Romslo inviterer til Salmefest i Nore Neset kyrkje torsdag 5. mars!

«Og så midt i Fastetida?» utbraut kapellan Jostein Enger, som kom med i koret frå andre øving. Ja, det kan så vere – men Jostein vart med i prosjektkoret, og med band og orgel er vi klare for å feire med fest og glede, sjølv midt i fastetida!

Prosjektkoret har øvd på eit utval av salmar med flotte tonar og rytmar under leiing av Marius Dale Romslo.

Marius starta i haust i eit vikariat i Os sokn som kyrkjetenar, og 20% engasjement som korleiar. Marius er utdanna innan song og musikk og har allsidig erfaring å vise til, blant anna som mangeårig dirigent for Os Mannskor.

Salmekvelden er gratis! Vi håpar på stort oppmøte frå folk i alle aldrar som vil synge med oss og oppleve musikk som lyfter taket i Nore Neset kyrkje!

PS! Vil du oppleve ein forsmak på kva du kan vente deg på Salmefesten? Kom på gudstenesta i Os kyrkje søndag 1. mars for å høyre noko av musikken på forskot! Velkommen!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"