Babysong

Som ein del av trusopplæringa i Den norske kyrkja tilbyr vi babysong i heile Øygarden.

Foto: Bo Mathisen

Babysong

På samlingane vil de få friska opp songar de hugsar frå dykkar eigen barndom, og lære mange nye. De vil få tips om korleis de kan bruke song og musikk i kvardagen med barna dykkar, og de vil få råd om korleis de kan gje barnet trusopplæring gjennom song og musikk.

Kvifor er babysong viktig?

  • Gjennom rytme, song og musikk blir heile mennesket engasjert, uavhengig av alder.
  • Ein treff andre foreldre/føresette i same situasjon, og ein får knytte nye kontaktar.
  • Song og musikk skapar gode augneblink saman med barnet i kvardagen.

 

Sund kyrkje:

Onsdagar kl. 10.30-11-30 er det babysong i Sund kyrkje. Babysong vert leia av kyrkjelydspedagog Katrin Fischer. Følg med på skjerikyrkja.no for datoar. 

Blomvåg barnehage:

I samarbeid med Blomvåg barnehage. Samlingane er annankvar tysdag i barnehagen kl. 10-12. For meir informasjon følg med på facebook.

Fjell kyrkje:

I samarbeid med KFUK-KFUM Åpen Barnehage. Samlingane er annankvar tysdag kl. 12.30-14.30, og blir leia av Vibeke Suphellen. Det er inga påmelding. Meir info finn du på Facebooksida til KFUK - KFUM åpen barnehage Øygarden.

Landro kyrkje:

I samarbeid med KFUK-KFUM Åpen Barnehage onsdagar kl. 12.30. Vi syng oppe i kyrkja og så går vi ned i barnehagen og leikar og skravlar etterpå. Ein blir så lenge ein vil, vi stenger kl. 14.45. Babysongen er gratis, og det er inga påmelding. Har du spørsmål, er det berre å komma innom ein dag, eller sende ei melding på  Facebooksida til KFUK - KFUM åpen barnehage Øygarden

Foldnes kyrkje:

Her skjer babysongen i regi av T-dagen, og blir leia av Elisabeth Møll Jung. Samlingane skjer i kyrkjekjellaren i Foldnes kyrkje annankvar fredag kl. 12-13. Sjå skjerikyrkja.no for datoar.

 

Velkomen til babysong!

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 09.30-14.30

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"