Dåpssamtale og dåpskurs

I Sund sokn og Hjelme og Blomvåg sokn tek kyrkjekontoret kontakt for å avtale dåpssamtale etter at påmelding til dåp er registrert. I Fjell, Foldnes og Landro kan ein melde seg på dåpskurs via linken i botn.

Brosjyrer, bibel og trosopplæringsmateriale plassert på et bord.

Hjelme og Blomvåg

Når vi har mottatt melding om dåp, tek kyrkjekontoret kontakt for å avtale dåpssamtale. Samtalen varer omlag 30-45 minutt.

Denne samtalen er ein fin mogelegheit til samtale om dåpen og å verta betre kjent med kyrkjelyden. Samtalen er eit verdifullt møtepunkt mellom prest og dåpsforeldra. Ein del av samtalen handlar om praktiske spørsmål. Er det fyrste barnet som skal døypast, er det gjerne ulike ting ein lurar på. Viss nokon i familien likar å syngje eller å lese, kan ein avtale korleis dei kan medverke under gudstenesta. Det er veldig flott når nokon i dåpsfamilien deltek på denne måten.

Me kallar denne samtalen ein ”dåps- og trusopplæringssamtale”. Me ser nærare på kva som er innhaldet i den kristne dåpen, og på kva tida etter dåpen kan innehalde. Me går igjennom kva kyrkja har av tilbod til born og ungdom. Korleis ein kan leggje til rette for at born får ei kristen tru vert det og ofte tid til å reflektera rundt. På slutten av samtalen får foreldra med seg ein plakat med ei enkel kveldsbøn, samt invitasjon til babysong og småbarnssong i kyrkja.

Sund

Når vi har mottatt melding om dåp, tek kyrkjekontoret kontakt for å avtale dåpssamtale. Dette kan enten skje saman med den einskilde familie eller ved ei fellessamling med andre som skal ha dåp. Her går ein gjennom kva dåp er og praktisk informasjon knytta til gudstjenesta og dåpshandlinga.

Dåpskurs Fjell, Foldnes og Landro

Foreldre som ber barn til dåpen skal delta på eit dåpskurs før dåpen.

På dåpskurset ser vi på kva dåp i kyrkja er og vi gir ein god innføring i kva vi ønskjer og kan bidra med av trusopplæring for barnet. Det vert kaffi og te med litt attåt, og god moglegheit for ein prat.

Vi går igjennom det praktiske ein bør vite ved barnedåp. Som t.d. korleis halde barnet, når lua skal av og når ein skal møte før dåpsgudstenesta.

Dåpskursa går på rundgang mellom dei tre kyrkjene og blir heldt på ein torsdag i månaden kl.18.00-19.30, sjå datoar her.

Hjarteleg velkommen til dåpskurs, anten med eller utan dåpsbarnet.
Fadrar er også hjarteleg velkomne!

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 09.30-14.30

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"