Julaftan 24. desember
Velkommen til å feire gudsteneste på julaftan! Vi samlast til lesing av juleevangeliet, høgtid og kjende julesongar. Saman skaper vi meiningsfulle juleminne.
Gudstenesta på julaftan varer som regel mellom 40 minutt og ei time. Heile familien er velkommen. Nokon vel å pynta seg, medan andre kjem i vanlege klede. Det er ingen krav om korleis du skal vere kledd. Gudstenesta er eit ope fellesskap og som alltid kostar det ingenting å delta. Nokon kjem til kyrkja med heile familien, medan andre kjem åleine. Her er det rom for deg.
Sund kyrkje kl. 14.30
Julaftangudsteneste for heile familien ved sokneprest Lars Arne Vik og organist Marija Bernotaite.
Kausland kyrkje kl. 16.00
Julaftangudsteneste for heile familien ved sokneprest Lars Arne Vik og organist Marija Bernotaite.
Fjell kyrkje kl. 14.00 og 16.00
Julaftangudstenester for heile familien ved sokneprest Per Hjemdal og kantor Solveig Karoline Flekstad Vik. Kl. 14 er Fjell barnekor med og syng, og organisten har med Ingebjørg Kaalaas på trompet. Kl. 16 er Ingeborg Kaalaas med på trompet og det blir song ved Renate Ekerhovd.
Foldnes kyrkje kl. 14.00 og 16.00
Familiegudstenester ved sokneprest Maria Tveten og organist Aasmund Brekke. Kl. 14 er musikklaget Fjellklang med og speler. Kl. 16 blir det solosong ved Elise Brekke.
Landro kyrkje kl. 14.00 og 15.30
Julaftangudstenester for heile familien ved sokneprest Morten Torsvik og kantor Eline Olsen. Kl. 14 er Landro barne- og tweenskoret med og syng. Kl. 15.30 speler Bente Dyrøy på kornett, og Kristine Angeltveit og Nelly Angeltveit syng ein song saman.
Blomvåg kyrkje kl. 14.30 og 16.00
Julaftangudstenester for heile familien ved prostiprest Kjell-Asle Børnes og kantor Øystein Steinsland. Kl. 16 blir det song ved ungdomskoret Gospel Teens.
Hjelme kyrkje kl. 16.00
Julaftangudsteneste for heile familien ved sokneprest Espen Tveten og organistvikar Anne Lise Grøm.
Juledag 25. desember
Sund kyrkje kl. 12.00
Høgtidsgudsteneste ved sokneprest Lars Arne Vik og organist Marija Bernotaite. Det blir nattverd.
Fjell kyrkje kl. 12.00
Høgtidsgudsteneste ved sokneprest Per Hjemdal og kantor Solveig Karoline Flekstad Vik. Det blir nattverd. Ingebjørg Kaalaas er med på trompet.
Foldnes kyrkje kl. 12.00
Høgtidsgudsteneste ved sokneprest Maria Tveten og organist Aasmund Brekke. Det blir nattverd. Arvid Haugen og Morten Rasmussen medverkar på trompet og althorn, og det blir songinnslag ved mannskoret Avogtil.
Landro kyrkje kl. 12.00
Høgtidsgudsteneste ved sokneprest Morten Torsvik og kantor Eline Olsen. Organisten har med seg Camilla Olsen Kaland på euphonium.
Blomvåg kyrkje kl. 12.00
Høgtidsgudsteneste ved sokneprest Espen Tveten og kantor Øystein Steinsland. Det blir nattverd.
2. juledag 26. desember
Foldnes kyrkje kl. 12.00
Gudsteneste ved sokneprest Maria Tveten og organist Aasmund Brekke. Edvard Hansen blir med på orgel. Det blir dåp og nattverd.
Hjelme kyrkje kl. 12.00
Høgtidsgudsteneste ved prostiprest Kjell-Asle Børnes og organist Øystein Steinsland. Det blir nattverd.
Søndag 28. desember
Kausland kyrkje kl. 11.00
Romjulsgudsteneste ved sokneprest Lars Arne Vik og kantor Øystein Steinsland. Det blir gang rundt juletreet.
Fjell kyrkje kl. 11.00
Romjulsgudsteneste ved sokneprest Per Hjemdal og kantor Solveig Karoline Flekstad Vik. Avslutningsgudsteneste for soknepresten. Det blir nattverd. Kyrkjekaffi med helsingar.
Nyttårsdag 1. januar
Velkommen til gudstenestefellesskap ved inngangen til eit nytt år!
Kausland kyrkje kl. 12.00
Nyårsgudsteneste med nattverd, ved Kjell-Asle Børnes
Fjell kyrkje kl. 12.00
Med nattverd.
Landro kyrkje kl. 12.00
Høgtidsgudsteneste med nattverd, ved Morten Torsvik.
Blomvåg kyrkje kl. 12.00
Med nattverd.
Julefest helga 4.-5. januar
Tradisjonell julefest for heile familien! Med juletregang, underhaldning, kaker og mykje meir!
Fjell kyrkje laurdag 3. januar kl. 16
Landro kyrkje laurdag 3. januar kl. 16
Sund kyrkje søndag 4. januar: juletrefestgudsteneste kl. 11
Foldnes kyrkje søndag 4. januar kl. 16
Hjelme kyrkje søndag 4. januar kl. 16
