Gravferdsseremonien
Dei einskilde ledda, blant anna utsmykking, symbol og kransepålegging, må tilpassast den gudstenestelege karakteren. Den liturgiske fargen ved gravferd er fiolett, men det er vanleg å bruke mykje kvitt, både kvite blomster og kvit kiste. Andre fargar kan óg nyttast.
Gangen i seremonien
Gravferda startar med preludium (inngangsmusikk), salme, nokre innleiande ord og ei bøn. Etter det framfører presten eller ein representant for dei pårørande minneord. I begge tilfelle vil det vere naturleg å kombinere informasjonen om den avdøde med forteljingar om kva den avdøde har hatt å seie for dei som stod han/ho nær. Etter minneorda er det også høve for andre korte helsingar, kransepålegging, opplesing og lystenning. Etter minneorda er det gjerne eit musikkinnslag før presten eller den som står for gravferda les frå Bibelen, deretter følgjer ein salme. Presten held ein kort tale ut frå skriftordet, så blir det bedt ei bøn før alle ber Herrens bøn saman og syng den siste salmen.
Før postludiet (utgangsmusikken) er det vanleg å ha eit musikkinnslag. Kista blir boren ut under postludiet. Det er vanleg at representantar for den nærmaste familien eller vener av avdøde er med og ber kista. Ved kistegravferd er det også skriftlesing ved grava før presten ber ei bøn og kista blir senka. Så følgjer jordpåkastinga. Deretter les presten eit ord frå Bibelen før han eller ho les velsigninga og alle syng ein salme. Ved bisettelse for kremasjon kan jordpåkastinga skje i kyrkja/kapellet.
Retning for sorga
Gravferda er viktig for eit reelt kjenslemessig avskil med den døde. Saman med ei båreandakt og eventuelt det å stelle den døde, kan gravferda gi sørgjetida ein god start. Gravferda kan gi sorga ei retning kan omdanne sorga til ein ressurs i livet til den einskilde. Minneord, kransepålegging, lystenning, skriftlesing og bøner gir dei som er med, høve til å markere gravferda som ei viktig hending i familien og venekrinsen.