Val av musikk
Val av musikk i seremonien er ein viktig føresetnad for ei fin ramme rundt avskilsstunda i kyrkja. Musikken blir ofte valt ut av dei pårørande i samarbeid med gravferdsbyrået, men det er òg viktig at val av musikk der organisten skal involverast blir gjort i forståing med organisten og i god tid, seinast 3 dagar før seremonien.
All musikk som skal nyttast bør ha ein karakter som høver i kyrkjerommet. Bruk av musikk-avspeling i seremonien er det i utgangspunktet berre høve til å gjera i samband med minneordet.