Gjevarteneste handlar djupast sett ikkje om økonomi. Det handlar ikkje fyrst og fremst om at kyrkjelyden treng pengar, sjølv om vi sjølvsagt gjer det, men det er ikkje derfor vi gir! Gjevarteneste handlar om kva slags kyrkjelyd vi ønsker å vera. Det handlar om korleis vi vil leva kristenlivet vårt. Gjevartenesten skal reflektera ein livshaldning vi ønskjer skal prega oss. Gjevartenesten gjer det mogeleg å gjennomføre vår visjon, nemleg at Foldnes kyrkje skal vere: "Di kyrkje for alle dagar".
Barne– og ungdomsarbeid
Ei gåve til ungdomsarbeidet vil vere ei gåve til at stadig fleire born og unge skal få lære Jesus å kjenne og finne ein heim i kyrkja. Dei får erfare at Foldnes kyrkje er deira kyrkje for alle dagar.
I Foldnes kyrkjelyd samlast mange born og unge. Gjennom eit variert og rikt arbeid møtast fleire enn hundre born og ungdomar i kyrkja. Foldnes kyrkjelyd har tilsatt ein ungdom som saman med andre tilsette driv Ungdomslørdag. I Foldnes kyrkje held og Tensing Lukas til, og ei onsdag i månaden samlast tweens på Lillelørdag.
Vi ønskjer og å lage flerie gode møteplassar for ungdom, når kyrkjekjellaren kan taes i bruk.
Vil du støtte arbeidet vårt på denne måten?