I Foldnes kyrkje har vi allereie fleire husgruppar/bibelgruppar. Vi ønskjer likvel å starte fleire nye fellesskap, fordi vi trur at det er mange som kan tenkje seg å vere med i eit mindre fellesskap. Dei mindre fellesskapa har rom for samtalar, ein kan stille spørsmål og ein kan vere til støtte og hjelp for kvarandre. I tillegg er dei små gruppane viktig i ei stor kyrkjelyd som Foldnes.
Kan du tenkje deg å vere med i ein bibelgruppe? Eller vil du vere med å starte ein ny bibelgruppe? Ta kontakt med Magne Supphellen (90161348) så vil vi prøve å finne ein gruppe som passar deg og din livssituasjon.
Gruppene vel sjølve form og tema for samvær. Fleire er velkomne!