Revidering av gudstenesteordning for hovudgudstenestene i Sund
Ordning for gudstenestene i Den norske kyrkja skal reviderast. I samband med revidering av gudstenesteordning, så skal kyrkjelyden gjennom eit soknemøte, har høve til å vere med å uttale seg om desse endringane.
Sund sokneråd har handsama saka i møte 17. februar 2021, og vedteke at dei vil legge denne endringa fram for høyring på soknemøtet 9. mai 2021.
Det vert lagt fram to dokument:
- Mal gudsteneste: dette er gjeldande ordning
- Revidert mal gudsteneste: dette er forslag til endring, endringane står med raud tekst
Sokneprest Kjell-Asle Børnes presenterer saka på soknerådsmøtet.