Tone, Ivar og Turid er trufaste medarbeidarar som har hatt ansvar for strikkekafeen på tysdagar medan Stjernekoret har hatt øving. Det har vore mange strikkeglade innom kafeen i løpet av åra, og dei har laga så flotte bidrag både til julemessa og vårmarknad.
Det har vore søkkande besøkstal den siste tida og dermed blir strikkekafeen i si noverande form blir avslutta. Dei klarte ikkje å strikka nok lappar som var tenkte til eit lappeteppe til julemessa. Dermed vart strikkelappane heiste opp på båten, så det vart ei avslutning med stil. Det gode er at det kjem nye spennande moglegheiter for deg som vil både sy og strikka i eit fint fellesskap i Sund kyrkje.
Nokre syglade damer har nyleg byrja med handarbeidsverkstad i kyrkja, og det vil dei halda fram med. Her er det låg terskel, og du kan du ta med deg det du arbeider med og dela handarbeidsentusiasmen din i selskap med andre. Eller berre komma for å drikka kaffi og prata. Dersom du har reparasjonar du treng hjelp med, kan du få råd og hjelp. Følg med på nettsida vår og Skjer i kyrkja for å sjå kva tysdagar det blir handarbeidsverkstad framover.
Tusen takk til Tone, Ivar og Turid som har hatt ansvar for strikkekafeen gjennom mange år!