Det vert ei verbal og musikalsk reise om kyrkjevegar og kyrkjereiser med historiske streif frå Krossfjorden til Hjeltefjorden, om salmesong på veg til gudsteneste og gravferd. Salmane vi syng er alle frå lokal tradisjon. Det vert også historiske tilbakeblikk på enkelte tradisjonar kring dåp, konfirmasjon og gravferd.
Temakveld i Sund kyrkje
Velkommen til temakveld i Sund kyrkje onsdag 2. juni kl. 19.00! Temaet er fiskarbonden og kyrkja, med vekt på kyrkjereis og salmesong.