16. januar i Sund kyrkje kl. 19:
Kristenretten - 1000 år
Temakveld ved PhD Torgeir Landro, middelalderhistorikar og førsteamanuensis i samfunnsfag, no prorektor for forskning ved NLA Høgskulen. Torgeir Landro vaks opp på Landro i dåverande Fjell og bur no på Vik i Øygarden. Te, kaffi og samtale. Kvelden vert avslutta med enkel liturgisk kveldsbøn ved sokneprest Lars Arne Vik.
Foto: NLA
13. februar i Kausland kyrkje kl. 19:
Eit samfunn for alle
Temakveld ved Sølvi Marie Risøy og Magne Bolme. Risøy er PhD, førsteamanuensis ved HVL, blind og hørselshemma, Bolme er lektor i historie og blind frå fødselen av. Dei er gifte med kvarandre. Saman står dei bak podcasten iBlinde. Denne kvelden vil dei snakka om utfordringar for blinde spesielt og funksjonshemma generelt i samfunn og kyrkje. Dei bur på Laksevåg, Sølvi Marie Risøy vaks opp på Landro i dåverande Fjell. Kaffi, te og samtale. Enkel liturgisk kveldsbøn v/spr Lars Arne Vik .
Foto: KABB/iBlinde
20. mars i Foldnes kyrkje kl. 19:
Bibelundervisning med Hans Johan Sagrusten
Hans Johan Sagrusten (54) er bibelomsetjar og prest, forfattar og foredragshaldar og har arbeidd i Bibelselskapet i ei årrekkje. Han har skrive ei rad med bøker om Bibelen, blant andre bestseljarane Det store puslespillet (2014), RIK bibelbruk (2018) og Johannes’ openberring – ein samtidsvisjon (2022). Dei siste åra har han halde over 350 populærvitskaplege foredrag om Bibelen i kyrkjer, organisasjonar og institusjonar over heile landet.
Foto: Dan Akesel Jakobsen, Bibelselskapet
10. april i Sund kyrkje kl. 19:
Kva veit vi om klimaendringane - skal kristne bry seg?
Temakveld ved PhD Olav Krogsæter, meteorolog som arbeider i Storm, kjem frå Sandnes og bur på Morland i Øygarden. Kaffi, te og samtale, enkel liturgisk kveldsbønn ved sokneprest Lars Arne Vik.