Vi ønskjer ein debatt der vi får belyst spørsmål som er viktige for trus- og livssynssamfunn i Øygarden:
Korleis vil politikarane i Øygarden arbeide for å skape eit livssynsope samfunn, der utøving av tru har sin naturlege plass?
- Kva rolle ønskjer ditt parti at Den norske kyrkja og dei andre kristne forsamlingane i Øygarden skal ha i samoppgåva med å byggja samfunn?
- Korleis sikre andre livssyn?
- Korleis kan Den norske kyrkja/dei kristne forsamlingane og andre trus- og livssynssamfunn inngå i kommunale planar for born og unge, miljøvern/forvaltning av skaparverket og beredskap/krisehandtering?
Debatten vil verte leia av redaktør i Vestnytt, Marit Kalgraf.
Arrangementet er ope for alle. Kristne kyrkjelydar/forsamlingar og andre trus- og livssynssamfunn som ar aktive i Øygarden vil verte særskilt invitert