Omfanget og alvorsgraden av skadeverket gjorde at fellesrådet som gravplassansvarleg melde dette til politiet. Men sidan gravminne, blomar og gravpynt er privat eigedom, er hovudregelen at det er den ansvarlege for grava som kan melde tjuveri eller skadeverk på ei grav til politiet.
Mange vegrar seg for å kontakte politiet om slike saker. Fellesrådet oppfordrar deg likevel om å melde frå til politiet, og i tillegg gi beskjed til kyrkjekontoret om du opplever slike uønska hendingar. På denne måten kan vi få oversikt over omfanget og alvorsgraden av denne typen brotsverk.
Alle er velkomne til å besøke gravplassane i Øygarden. Dette gjeld om du kjem for å stelle ei grav, minnest kjære som har gått bort, eller om det berre passar å leggje turen innom. Hugs på at gravplassen er ein stad ulik alle andre, der menneske kjem for å bearbeide sorg og tap. Opptre alltid med respekt for dette når du er på gravplassen.
-Annlaug Børve, kyrkjeverje