Open dåpsdag vil seie at det er mogeleg å kome til kyrkja og bli døypt utan å ha bestilt tid på førehand. Du kan likevel gjerne ta kontakt med kyrkjekontor på førehand viss du er interessert og har spørsmål.
Kan hende har de utsatt eller av ulike grunner ikkje fått planlagd dåp, men vil likevel gjerne at barna skal bli døypte?
Kan hende ble du sjølv aldri døypt, men vil likevel gjerne høyre til kyrkja? Open dåpsdag gjelder alle aldersgrupper!
Kan hende tenkjer du at du gjerne vil vere konfirmant i kyrkja, til neste år eller seinere, men er ikkje døypt?
Slik foregår open dåpsdag:
De møter berre opp i kyrkja, har med legitimasjon, underteiknar eit skjema, har ei samtale med presten og blir døypt. De kan kome åleine eller i følgje med andre. Kyrkja stiller med fadrar om det vert naudsynt, men finn gjerne to fadrar sjølv (tilhørande Den norske kyrkja og minst 15 år).
Prestane som er i kyrkja denne dagen, er Per Hjemdal og Maria Tveten.
Velkomen til dåp!