Sølvi Helén Hopland syng til trøyst og snakkar om sorg på ein måte som inspirerer til å søke livsgleda.
Tap i livet erfarer vi alle. Vi puttar mykje rart i livssekken vår og ber den med oss. Den kan bli tung. Iblant er det lurt å ta den av og sette seg på ein stubbe og sjå gjennom innhaldet. Kanskje ta ut og sortere. Legge frå oss det som tynger, og gå vidare med lettare bør. Denne kvelden kan vere ein inspirasjon til det.
Sølvi har vore omreisande visesongar og formidlar i mange år, har gitt ut 8 soloplater, 4 bøker og ei lang rekke podcastportrett, har drive Ulvesund fyr som kulturelt gjestehus i 20 år, er enke og åleinemor. Har tidlegare og innimellom jobba som lærar for barn, ungdom, konfirmantar og flyktningar.
Det blir høve å kjøpe CD’er samt boka «Livsviktig – om å ruste seg til reisa» som Sølvi skreiv nokre år etter at ho mista ektemannen sin.
Skulle denne kvelden ikkje passe, vil det same seminaret finne stad i Strusshamn kirke onsdag 25. oktober kl. 18.00.