TV-aksjonen NRK har vore arrangert kvar haust sidan 1974 og reknast som verdens største dugnad. I år er mottakar Redd Barna og årets tema er "La barn leve i fred".
Nest siste søndag i oktober kvart år er det tid for TV-aksjonen. Mottakar i år er Redd Barna som ønskjer å bruke pengene til å hjelpe barn som er rammet av krig og konflikt. Pengene skal bidra til :
- å gje barn høvet til å gå på skulen
- å gjenforeina barn med familien dei har komme bort frå
- å støtte tidlegare barnesoldatar
- å trygge leikeområde der barn kan utfalda seg fritt
- å gje hjelp til å handtera vonde opplevingar
- å hjelpe barn som har flykta til Noreg i ein aktiv fritid
Pengane fordelast mellom prosjekt i Ukraina, Syria, Bangladesh, Sør-Sudan, DR Kongo og Noreg. For å kunne gjennomføre årets aksjon, treng vi bøsseberarar og engasjement i heile kommunen.