Akasia AS, som vann anbodskonkurransen om arbeidet i Fjell kyrkje, er eigd av alle sokna i Bergen. Firmaet er godt kjent med å arbeide på kyrkjebygg, også samtidig som kyrkja er i bruk av kyrkjelyden.
Dette er godt nytt for alle som har Fjell kyrkje som «si» kyrkje, og som ønskjer å komme til kyrkja i både glede og sorg. Kyrkja vil ikkje verte heilt stengt i rehabiliteringsperioden, men alle må vere førebudde på store avgrensingar i bruken av kyrkja medan arbeidet pågår.
I juni og dei tre første vekene i juli skal det byggast stillas rundt kyrkja. I denne perioden vil kyrkjeskipet vere opent for avgrensa bruk. Det vil seie at det kan vere mogeleg å ha gudstenester, bryllaup og gravferder der. Ein må då vere merksam på at uteområdet rundt kyrkja er ein byggeplass, og vil bere preg av dette.
I same tidsrom (juni-juli) skal det setjast inn ei dør frå kyrkjelydssalen ut mot sør, og det skal byggast ei rampe på utsida. Kyrkjelydssalen vil då vere stengd for bruk.
Siste veka i juli vert orgelet og anna interiør i kyrkjeskipet dekt til, og arbeidet på og i kyrkja startar. Frå dette tidspunktet vert kyrkjerommet heilt stengt. Samtidig opnar kyrkjelydssalen, og vil tene som samlingsstad for kyrkjelyden på ettermiddag, kveld og i helger fram til kyrkjeskipet opnar igjen.
Dette tyder at Fjell kyrkje vil verte stengt for gravferder frå 24. juli. Pårørande vil så langt det er mogeleg få høve til å velje kva for ei av dei andre kyrkjene i Øygarden dei ønskjer å bruke.
Vi vil oppdatere detaljar om arbeidet etter kvart som dei kjem på nettsida.