Slik ser det ut under presenningen

Arbeidet i Fjell kyrkje er godt i gang. Lurer du på korleis det ser ut under presenningen? Her kan du få kikke inn!

Tak over koret og endevegg på skipet.

Stilas og utsida av kyrka, veggen er utan kledning og vi kan sjå eit av vinduga.

Kledning fjerna. Klargjering av vindauge for demontering og flytting til verkstad for rehabilitering. (Vinduga må på verkstad for rehabilitering, det kan ikkje gjerast på staden, det er berre eit fåtal i landet som driv med dette.)

 

Taket på skipet utan skifer, berre brunt tre.

Taket på skipet, etter at ca 35 tonn med skifer er teken ned (høvesvis 17 og 18 tonn på kvar side). Det er veldig god tilstand på sutaket.

 

Utsida av kyrkjetaket utan kledning med stilas rundt seg

På bildet kan ein sjå noko av nedbøyinga, den er ganske stor og må rettast opp. Det er «tak over tak» på kyrkja, slik at arbeidet kan pågå heile tida og kyrkja er sikra mot at det kjem inn vatn under arbeidet.

Det viser også at det lagt inn nye spikerslag bak kledninga ved tidlegare arbeid. Lafteveggen har aldri vore måla på utsida, det har alltid vore kledning på kyrkja.

 

Inne i kyrkja er alle benkar dekket med plast, det raude teppet er under treplatar og orgelet er pakka inn.

Tildekking innvending av alt inventar, inkludert orgelet.

Inne i kyrkja er alt pakka inn, teppet, benkar, altaret og preikestolen

Mot glassmaleriet i kyrkja, altaret er pakka inn.

 

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 09.30-14.30

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"