Skjema 1. Erklæring frå brudefolka før prøving av ekteskapsvilkåra
- Brudeparet må sjølv skaffe skjema: "Erklæring frå brudefolka før prøving av ekteskapsvilkåra" frå Skatteetaten (sjå link nederst på sida), evt. på nettsida til Den norske kyrkja. Kan registrere på nett, eller skrive ut papir.
- Brudeparet må sjølv sende: "Erklæring frå brudefolka før prøving av ekteskapsvilkåra" til skattekontoret i den kommunen dei bur
Skjema 2: Forlovarerklæring
- Brudeparet må sjølv skaffe "Forlovarerklæring" frå Skatteetaten (sjå link nederst på sida), evt. på nettsida til Den norske kyrkja. Kan registrere på nett, eller skrive ut papir.
- Brudeparet må sjølv sende Forlovarerklæring til skattekontoret i den kommunen dei bur
Skjema 3: Erklæring om skifte - dersom ein eller begge er skilde
- Brudeparet må sjølv skaffe "Erklæring om skifte" frå Skatteetaten (sjå link nederst på sida),evt. på nettsida til Den norske kyrkja. Kan registrere på nett, eller skrive ut papir.
- Brudeparet må sjølv sende Erklæring om skifte til skattekontoret i den kommunen dei bur
Skjema 4: Melding om endring av namn
- Brudeparet må sjølv skaffe "Melding om endring av namn" frå Skatteetaten (sjå link nederst på sida), evt. på nettsida til Den norske kyrkja. Kan registrere på nett, eller skrive ut papir.
- Brudeparet må sjølv sende Melding om endring av namn til skattekontoret i den kommunen dei bur
SENDING AV VIGSELSPAPIR
Brudeparet sender sjølv inn vigselspapira til sitt lokale skattekontor. Dette må ikkje skje meir enn 4 månader før vigsel, for at papira skal vere gyldige. Forventa handsamingstid 2-3 veker.
- Eigenerklæring
- Forlovarerklæring
- Evt. erklæring om skifte - dersom skilde
- Evt. endring av namn - dersom ein eller begge skal endre namn
Skatteetaten skriv ut ein prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Attesten vert sendt til brudeparet, dersom de ikkje har gitt beskjed om at Skatteetaten skal sende det direkte til Fjell kyrkjekontor. Brudeparet må sende prøvingsattesten til Øygarden kyrkjekontor, seinast ein månad før vigsel.