T-dagen

Visjonen vår er ei raus og tydeleg kyrkje der barn og unge får hjelp til å leve livet i tru, håp og kjærleik.

T-dagsteamet i Fjell, Foldnes og Landro kyrkjer

Målet vårt:

Vi skal utvikle ei systematisk trusopplæring som fremjar kristen tru, gir kjennskap til den treeinige Gud og hjelp til livstolking og livsmestring for alle døypte i alderen 0- 18 år uansett funksjonsnivå.

 

Kva er T-dagane i Fjell, Foldnes og Landro?

T-dagen er trusopplæringsdagen det året barna og ungdomane fyller år. Til dømes T7-dag for alle det året dei fyller sju år.

T-dagen er å bli kjent med trua dei er døypte til!

T-helsinga får borna og ungdomane i posten årleg.

T-dagen er viktig for å erfare at vi er ein del av kyrkja!

T-dagen er like sjølvsagt som å bere borna til dåpen!

 

Kvifor har vi T-dagar i Fjell, Foldnes og Landro?

Stortinget har vedteke ei trusopplæringsreform for alle døypte born og unge frå dåpen til og med 18 år.

Vi er i full gong med trusopplæringsprogrammet T-dagen. Det inneber ein trusopplæringsdag og ei T-helsing kvart år med ulikt innhald.

Trusopplæringa er viktig fordi dåp og opplæring høyrer saman. Det er kyrkja som saman med foreldra har dette ansvaret. Slik skal det vere like alminneleg å delta på T-dagane som å bere barna til dåpen. Barna må få lære å kjenne den kristne trua dei er døypte til. Trua gjev håp og hjelp til å meistre livet.

Kristen tru og kristne verdiar har prega folket vårt og Fjellsamfunnet i mange hundre år. Det ser vi i språk, litteratur, musikk og biletkunst. Denne kulturarven vil kyrkja i Fjell bringe vidare til nye generasjonar.

T-dagen er sjølvsagt òg på Facebook, og der kan du finne oppdatert informasjon om arbeidet vårt.

 

Vel møtt på "din T-dag"!

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"