Trusopplæring

"Størst av alt" er kyrkja sitt program for trusopplæring. Gjennom faste, tidsavgrensa, alderstilpassa opplegg får barn og ungdom som er døypte tilbod om systematisk og samanhengande trusopplæring.

Samlingane er prega av varierte arbeidsformer som t.d song/musikk, leik, forteljing, dramatisering, utprøving/etterforskning, smågrupper, gudsteneste m.m.

Dersom foreldre ynskjer at barn som ikkje er døypte i Den norske kyrkja skal få tilbod om trusopplæring, kan barnet registrerast på kirken.no/minside og vil då få invitasjon til tiltaka.

Artikkelsnarveger

Artikkelsnarveger