DROP IN DÅP
25. mai kl. 13.30 arrangerer vi ei eigen dåpsgudsteneste. Da kan vi ta imot mange til dåp. Etter gudstenesta, blir det mogleg å få eigne, korte dåpsgudstenester for dei som ønsker det. Den som vi ha meir informasjon, kan sjekke kalenderen på nettsida til kyrkja på Sula, eller ringe kyrkjekontoret.
DROP IN VIGSEL 21. juni blir det moglegheit for drop-inn vigsel i Langevåg kyrkje, frå kl. 10 og utover. Vi stiller med prest og organist, og sørger for at alle får ein verdig vigsel.
Ta kontakt med kyrkjekontoret for nærare informasjon, og for å avtale tid.