Hurra for engasjerte frivillige!

5. desember er den Internasjonale dagen for frivilligheit. Her i Sula sokn har vi mange dyktige og trivelege frivillige medarbeidarar som hjelper til i gudstenestene og på andre arrangement. Vi er utruleg takksame for den innsatsen de gjer!

Publisert:

Hurra for engasjerte frivillige!

5. desember er den Internasjonale dagen for frivilligheit. Her i Sula sokn har vi mange dyktige og trivelege frivillige medarbeidarar som hjelper til i gudstenestene og på andre arrangement. Vi er utruleg takksame for den innsatsen de gjer! Tusen hjarteleg takk til kvar og ein <3

Vårt juleønske i år er å kunne få ønske velkomen til endå fleire frivillige som kan vere med og skape gode opplevingar i kyrkjene våre! For vi ønsker jo at kyrkjene og felleskapet skal være for alle, med lav dørterskel og høgt under taket. Rett og slett - ein stad å høyre til - der du kan komme å være, men også få bidra med din kunnskap og erfaring om du skulle ønske det. 

Som frivillig i kyrkja kan du til dømes:
- vere kyrkjevert (lage til kyrkjekaffi, ønske velkomen i døra m.m),
- bidra på korøvingar og ved andre samlingar for barn og unge
- delta i misjonsgruppa for Stefanusbarna eller i kyrkjeklubben
-vere medhjelpar i gudstenestene (t.d. tekstlesing og nattverdsutdeling)

Ein kan bidra 1-3 ganger i semesteret eller oftare. Det er heilt opp til deg. Opplæring blir gitt.
Om dette kan vere noko for deg, ta kontakt med diakon Ingvild Snipsøyr (kontaktinformasjon under)

Givarteneste i kyrkja
Ein anna måte å bidra inn i kyrkjelyden, utan å ta på seg ei frivillig oppgåve, er å gi gjennom vår givarteneste. Då støttar du kyrkja lokalt og det arbeidet vi driv. Du kan finne meir informasjon om dette her.

Sjå gjerne filmane vi har lagt ut som kan vise deg litt korleis det er å være frivillig i kyrkja. 

Med ønske om ei velsigna god julehøgtid og alt godt for det nye året!
Hjarteleg tusen takk til våre kjære frivillige - frå Sula sokn.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"