Varmt velkomen til julesongkveld i Langevåg kyrkje!
Bli med på eit annleis førjulstreff der vi syng oss i lag gjennom mange av dei gode, både gamle og nyare julesalmane. Ta ein pause i førjulsmaset og kom akkurat slik som du er og syng med det nebbet du har!
Saman finn vi julefreden og sørgjer for at den ekte julestemniga og juleroa få sette seg i kroppen.
Allsongen starter kl 19.30, men du er hjarteleg velkommen frå kl. 18.45.
Då serverer vi kaffi, gløgg, mandarinar og pepperkaker og det er mogleg å få seg ein god prat.
Gratis inngong, men det vert mogleg å gi eit bidrag til Hjarterom Sula.
Velsigna god adventstid, julehøgtid og alt godt for det nye året!
Helsing staben i Sula sokn
