Morsdag - ein dag for kjærleik

Søndag 14.02.21 er reine "Kinderegg"- dagen med tre ting på ein gong: Fastelavn, Valentinsdag og ikkje minst Morsdag på ein og same dag. Det ligg jo til rette for ei ei storstilt feiring uansett kva ein vel å sette fokus på om det er fastelavensbollar, merksemd til kjærleika, eller blomar og kake til mor. Veit du forresten kvifor vi feirar morsdag?

Publisert:

Søndag 14.02 er det morsdag igjen og på tide å sette fokus på kjærleiken
Søndag 14.02 er det morsdag igjen og på tide å sette fokus på kjærleiken

Morsdag
Andre søndag i februar er det duka for morsdag, - ein dag der vi hyllar MOR (mamma, svigermor, bonusmamma, svigermor eller bestemor) for den ho er og alt ho betyr for oss. 

I dag kan det vere lett å tru at morsdagen er ein tradisjon som kjem frå handelsstanden i USA. Men sjølv om dagen opprinneleg har sitt opphav frå den andre sida av Atlanteren - så skil morsdag seg frå andre merkedagar som Valentinsdag og Halloween.

Historiedykk
Dei fyrste markeringane i høve morsdag skal ha vore i det gamle Hellas grekerane hylla mora til sjefsguden Zevs, Rhea. Flyttar vi oss fram til 1600-talet, vil vi her sjå korleis jomfru Maria blei feira av dei engelske kristne.

Med tida gjekk feiringa til å verte ei høgtid som gjaldt alle mødre. Den fekk namnet "Mothering Sunday" og blei feira den fjerde søndagen i fasta. Den engelske morsdagen forplanta seg viare til andre europeiske land, og fekk form som ei blanding av ei religiøs høgtid og feiring av mødrene. Ofte fekk tenarar reise heim for å vitje si eiga mor. Denne feiringa og tradisjonen døydde gradvis ut og dei engelske kolonistane som reiste til amerika avskaffe den heilt. 

Men det var likevel i Amerika at morsdagen skulle bli gjenfødt - denne gong med ei meir jordnær insprasjonskilde.

Kjempa for soldatane si helse
Den moderne morsdagen såg sine første lysglimt i 1905 då Anna Marie Jarvis hedra si nyleg avlidne mor med ein minnemarkering 12. mai same år. 

Mora hennar - Anna Marie Reeves Jarvis oppretta rundt 1860 ei rekke foreningar ho kalla "Mothers`Day Work Club" for å styrke helse og sanitære forhold. Foreningane samla blandt anna inn pengar og medisin, dei hyra kvinner for å arbeide for familiar med tuberkulose, og inspiserte kvaliteten på flaskemelk og mat. Under den amerikanske borgarkrigen erklærte dei seg nøytrale. Ei viktig oppgåve blei å styrke forholda for soldatar på begge sider av krigen. I 1868 arbeide Anna Marie Reeves Jarvis med å prøve å få til ei forsoning mellom partane.

Etter minnemarkeringa i 1905, arbeida dottera Anna Marie med å få innført ein offisiell minnedag for mødre. Den aller første morsdagen blei feira 10. mai 1908 i ei metodistkyrkje i West Virginia.

Skikken spredte seg snart nær til alle kantar av USA, og i 1912 blei morsdag erklært som offisiell helligdag. Det blei oppretta ein organisasjon som skulle arbeide for å innføre minnedagen til andre land og skikken blei snart populær i land som Tyskland og Østerrike. 

Noreg kom på bana først i 1919, der morsdag blei feira for første gang 9.februar i ei metodistkyrkje i Bergen.

I byrjinga var det religiøse organisasjonar som stod for markeringa, men Oslo-kvinnene Karen Platou og Dorothea Schjoldager jobba nært med handelsstanden, massemedia og ideelle organisasjonar for å etablere morsdagen som ei årleg markering der mødre var i fokus.

Noreg i utakt med Norden

Morsdag blir feira over heile verda, men til ulike tider på året. Her i Noreg er er det andre søndag i februar som gjeld. Nabolanda våre feirar morsdag i mai i likhet med dei fleste andre - Danmark og Finland andre søndag i mai og Sverige siste søndag same månad. 

Det føreligg inga konkret forklaring på kvifor morsdag er lagt til februar i Noreg. Mest sannsynleg skuldast det at mai allereie er ein travel månad for oss med fest- og fridagar som nasjonaldagen, Kristi himmelfartsdag og pinsa. Difor vart det nok meir hendig å plassere morsdagen i ein månad der det ikkje vart så stor konkurranse om oppmerksomheta.

Skikken med å varte opp mødre med for eksempel frukost på senga, blomar, kort og presangar er noko ein ser igjen over heile verda. Barnahagar og skular rundt om i Noreg sørgjer for å halde den gamle tradisjonen i hevd ved å lage kort og koselege presangar til mor. Ein gest vi nok aldri vil bli for gamle til.

Artikkelen er henta frå abcnyheter.no


Gratulera med morsdagen!
God Fastelavn! 
God Valentin`s dag!

Vi ynskjer de alle ei flott feiring!

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"