Mange besøker gravstaden for å tenne lys på Allehelgen og vi ønskjer då at dei også skal få høve til å møte opne dører i kyrkjene. 
Det vert `Open kyrkje` både i Langevåg kyrkje og Indre Sula kyrkje laurdag 1.november frå kl.16.00-18.00. 
Her er det mulig å komme innom, tenne eit lys, be ei bønn eller berre vere stille og lytte til musikken i kyrkjerommet. Det vil vere prest/diakon til stades i kyrkja for ein liten prat og ein kaffikopp. Dersom det er ønskje om ytterlegare samtale med prest eller diakon kan dette avtalast i kyrkja.
Mange stader er det også minnegudsteneste denne helga, der namna på dei som har gått bort siste året vert opplesne. Dette har vi i Sula sokn dei siste åra hatt på søndag i juleveka (28. desember), og slik blir det også i år. Dei som har mista nokon det siste året vil i starten av desember få invitasjon til denne gudstenesta.
Vi ønskjer alle velkommen til kyrkjene våre i høve Allehelgen.
Ønska av mange 
Open kyrkje over heile landet allehelgen blei gjennomført første gang i 2019. Ei undersøking utført i etterkant av allehelgen for tre år sidan, viste at 1,7 millioner nordmenn ønska at kyrkjene er opne oftare.
Kyrkjelydane sitt tilbud allehelgen og elles i året står oppført i https://skjerikirken.no/ eller på Sula sokn si heimeside – kyrkja.no/sula.
 
                    