Opp og fram med Sula sokn!

Soknerådet i Sula har bestemt, at denne våren skal vi gjennomføre ein strategiprosess i soknet. Det er spanande med strategi og vi trur at det skal gi ei god anledning til å tenke grundig over korleis vi skal vere kyrkjelyd. Og vi oppfordrar deg til å komme med innspel!

Opp og fram med Sula sokn!

Opp og fram med Sula kyrkjelyd!

Soknerådet i Sula har bestemt, at denne våre skal vi gjennomføre ein strategiprosess i soknet. Det er spanande med strategi og vi trur at det skal gi ei god anledning til å tenke grundig over korleis vi skal vere kyrkjelyd. 

Kyrkjelyden har alt hatt idémyldring etter gudstenestene 2. og 9 februar under kyrkjekaffien. Her har det komt gode tankar, innspel og idéar om vegen framover. Om ein ikkje har fått vore på disse samlingane og ein kjenner at ein brenn inne med noko, oppfordrar vi deg til å svare på vår spørjeundersøking, - så tek vi med dette i vidare strategiarbeid.

Du kan sende inn ditt innspel ved å svare på spørjeundersøkinga som du finn ved å følgje denne lenka.

Vi er også i gang med å intervjue ulike menneske i soknet for å få høyre deira tilbakemelding.

Utover våren kjem vi til å jobbe med å lage ein strategi. Vi har knytt til oss ein konsulent frå KA (kyrkjeleg arbeidsgjevarforening), som skal leie oss i arbeidet. Den som har lyst å vere med på dette, er velkommen til å seie frå om det. Arbeidsmengda er overkommeleg og arbeidet kjekt.

Soknerådet og staben har stor tru på at vi går inn i sommaren med ei mykje klarare retning, for kva vi skal vere og gjere som kyrkjelyd i åra som kjem.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"