Diakoni

Visjonen til Den norske kyrkja er å vere ei vedkjennande, misjonerande, tenande og open folkekyrkje. Plan for diakoni handlar særleg om den tenande folkekyrkja. Diakoni er ei teneste for medmenneske og skaparverket og ei teneste for Gud. Alle blir utfordra til eit kvardagsliv i teneste. Diakoni er ein grunntone i alt som skjer i kyrkjelyden, og blir konkretisert gjennom eigne tiltak.

Diakonien har eit spesielt ansvar der få eller ingen bryr seg. Det grunnleggjande er gjensidig teneste og respekt for kvarandre. Globaliseringa utfordrar diakonien spesielt. Kulturelt og etnisk mangfald gir kyrkjelyden eit rikare liv. Menneske som lir, vedkjem oss enten dei er nær oss eller held til i andre land. Vern om skaparverket handlar om eit globalt og eit lokalt ansvar. Dei diakonale utfordringane er samanfatta i nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kampen for rettferd.

Oppsummert blir diakoni definert slik i Plan for diakoni i Den norske kyrkja:

Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Den er evangeliet i handling og blir uttrykk gjennom:
- Nestekjærleik
- Inkluderande fellesskap
- Vern om skaparverket
- Kampen for rettferd

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"