Smittevernreglane gjeld også i friluft. Vaske hender, bruk handsprit og minst ein meter avstand til folk ein ikkje omgåast til vanleg. Verre er det ikkje, og utandørs er vel kanskje lettaste staden å få dette til.
Ta med stol eller noko å sitje på. Noko å drikke og litt mat kan også vere lurt, samt pengar til bomvegen. Takkoffer til Den norske Israelsmisjonen kan vi gje med Vipps. Gudstenesta byrjar klokka 11.00. Vel møtt!
Bergpreika i friluft på pinsedagen
Pinsedag med friluftsgudsteneste på Bjørvikstølen i Gaular! Preik og preiketekst denne dagen blir: Bergpreika. Den blir tala/lese som ei samanhengande preike, slik den står gjengjeven i Matteus 5. Det er ikkje ofte vi tek oss tid til å bruke ei heil, samanhengande bibeltekst på denne måten, men søndag skal me gjere det.