Arbeidet vil i hovudsak vere knytt til avvikling av gudstenester, ein eller to søndagar pr mnd, og når det er vigsle eller konsert. Ved gravferd tek kyrkjegardsarbeidaren kyrkjetenar-rollen. Ved gudstenester har kyrkjetenar ansvar m.a. for å setje på/slå av varme (pr telefon), låse opp/låse att kyrkja, finne fram det utstyret som trengs til gudstenesta, rydde dette på plass, lese bøner, bibeltekst for dagen og kunngjeringar. Reinhald er ikkje ein del av stillingen, anna enn nødvendige smitteverntiltak knytt til gudstenestene.
Kjenner du nokon andre som kan utfordrast til dette – snakk med vener og naboar, og hjelp oss å sikre gode hjelparar til presten. Det fortener han. Han kan ikkje ta ansvar for alt åleine.
Ta kontakt med kyrkjeverje Inger 41694472 eller Frode 95100916 om du har spørsmål til dette, om du kan tenke deg dette, eller har tips om konkrete personar du tenker vi bør utfordre.