Det har vore litt prøving og feiling – men det ser no ut som gudstenesta er i ferd med å finne si form – skjønt det er jo litt av poenget: Den skal vere litt forskjellig frå gong til gong.
Ei myldregudsteneste har oftast ein aktivitet som alle/mange kan vere med på – og denne aktiviteten er knytt til tema for dagens gudsteneste. Sist var tema at Jesus ber oss om å bære frukt som varer. Då laga vi til eit frukt-tre i kyrkja som alle fekk vere med å pynte. Det vart eit merkeleg tre! Med mange slag frukter. Til og med potet og gulrot og pærer (- deriblant ei lyspære!?!) Så snakka presten om at vi også skal bære frukt – frukt som varer.
Myldregudsteneste vil vi arbeide meir med i kyrkjelyden vår – det er kjekt å feire gudsteneste i lag også på ein ny måte – men framleis med meining og innhald. Kom og bli med på myldregudsteneste!
