Dette seier Biskop Ragnhild:
Å ringe med kyrkjeklokkene utanom til gudstenester og kyrkjelege handlingar er ei heilt ekstraordinær hending. Men vi må ty til dette verkemiddelet no. For verda er vitne til ei humanitær tragedie som vi mest kjenner oss makteslause overfor, men som vi ikkje kan la vere å ta inn over oss. Difor vert klokkeringinga også følgt av våre bøner til Gud om å vere med dei lidande, om rettferd, om hjelp og om forsoning og von for morgondagen.
I denne tida kan vi til dømes be denne bøna:
Miskunnsame Gud,
Du høyrer vår klage og kjenner nauda hjå menneska.
Vi ropar til deg for alle som lid i den grusomme krigen på Gaza.
Vi ber for dei som fryktar for livet. For alle som har mista familiemedlemer og som sørgjer over sine kjære. For dei som er råka av hungersnaud og som manglar det dei trengt for å leve. Vi ber for alle som er drivne på flukt, og minnes dei som er drepne.
Lenge har vi bedt, og vi spør: Kor lenge, Herre, kor lenge må dei og vi vente?
Livsens Gud, du vil forsoning og fred. Gje visdom og vilje til dei som kan skape ein rettferdig fred, slik at livet igjen kan vekse fram i byar og landsbyar som dødens krefter har lagt øyde.
Kyrie Eleison - Herre, miskunne deg!
Jesus Kristus,
Bornas forsvarar og ven med dei fattige.
Høyr vår bøn for borna som veks opp med bomber og naud omkring seg.
Vi ber om at ei strime av von og glede kan kome til dei.
Vi ber for foreldra som makteslause ser borna sine døy.
Og vi ber så inderleg om at hjelpa må nå fram til alle som er i naud.
Vi ber for dei som leitar etter trygge stader der dei kan søke ly.
Gje klokskap og kraft til dei som arbeider på sjukehusa og til alle som tek i mot flyktningar.
Kyrie Eleison - Herre, miskunne deg!
Heilage Ande,
Livgjevar og Trøystar i liv og død, og som viser oss kva som er sant og rett.
Vi let kyrkjeklokkene ringe for å vekke oss til stadig bøn og ansvar for dei som lid som følgje av krigen og uretten. Gje vilje og evne til å verne om alle menneske sitt menneskeverd og grunnleggjande menneskerettar.
Lei oss på den vegen som fører til liv, fred og von.
Gud, vi ber:
Kyrie Eleison - Herre, miskunne deg!