Gravferd i kyrkja

Planlegging av gravferd: Når tidspunktet for gravferda er fastsett står kyrkje, prest, organist og kyrkjetenar til disposisjon for dei pårørande. Organisten hjelper gjerne med val av musikk og solo songar, og kyrkjeverje hjelper til med å finna eigna gravstad. Presten tek kontakt med pårørande og avtaler ein samtale.

Presten sitt møte med dei nærmaste skal vera til hjelp i sorgprosessen, og å lytta til fortelljnga om den avdøde sitt liv. Desse forteljingane vert til eit minneord som pårørande eller presten les i gravferda. I tillegg til å bestemma salmar og solosong, kan pårørande setja sitt personlege preg på gravferda ved å bidra med skriftlesingar og andre symbolhandlingar.

Minning

Den gudsteneste etter gravferda vert dei som er gravlagde sidan sist gudsteneste, minna ved at namnet vert lese opp. På Helgemesse vert namna på alle som er døde sidan sist Helgemesse, lesne opp. Pårørande får ein invitasjon til å delta her. Det er viktig å koma tilbake til kyrkjerommet etter ei gravferd, og dette er fint for mange.

Kransar:

Kransane vert lagde på gravstaden etter at jorda er lagd på. Pårørande fjernar sjølv kransane når dei vil, men om dei ikkje vert fjerna, vil kyrkjegardsarbeidar fjerna dei.

Økonomi:

Gravferd/bisetjing er vederlagsfritt for medlemmar av Den norske kyrkja. Dersom avdøde ikkje er medlem, kan me likevel utføre gravferd etter våre ordningar mot ein fastsett kostnad.

Alle som er fastbuande i heradet når dei døyr, får fri gravplass. Avlidne personar i heradet skal gravleggjast på den gravplassen dei soknar til. Tilvist grav er utan kostnad. Dette gjeld òg om den avlidne på grunn av sjukdom eller alder har budd i eit anna sokn eller i ein annan kommune mot slutten av livet. Det kan søkjast til soknerådet om gravplass for personar som var busette utanfor heradet. Dei må då betala fastsett kostnad og festeavgift frå den dag frigrava vert teken i bruk.

Sjå "prisar ved gravferd".

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Ulvik sokn

Ulvik Sokn

Storøyni 6

5730 Ulvik

Tlf 56.52.68.00

E-post: wm953@kyrkja.no

Opningstida kontor: ma-to-fr kl. 09.00 - kl. 14.00

Opningstida telefonisk kontakt: ma-ti-to-fr kl. 09.00 - kl. 14.00

Org.nr. 976.994.965

Bankrek.nr. 3450.24.00632

Vipps 125390

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"