Sett det personlege preget ditt på bryllaupet

Korleis skal vigselen leggjast opp? Paret kan gi sitt eige bryllaup den personlege profilen sin.

På fleire område har brureparet moglegheit til å velja. Derfor bør prest/kantor og dei som skal viast starta planlegginga av kyrkjebryllaupet i god tid. Valmoglegheitene kan summerast i åtte punkt:

1. Skriftlesingar
Det blir lista opp ei rekkje forslag i ordninga for vigsel. I praksis står heile Bibelen til disposisjon for å finna tekstar som passar for det bryllaupet det gjeld. Kva skal lesast? Er det temaet som betyr noko spesielt for paret? Er det noko dei ønskjer å leggja spesiell vekt på?

2. Skriftlesningane
Medlemmer av bryllaupsfølgjet kan delta med skriftlesing. Kva ønskjer paret? Skal bror eller søster lesa? Mor og/eller far? Forlovarane? Venner? Andre i familien? Eller vil paret helst at presten skal lesa?

3. Ekteskapsløfta
Ekteskapsløfta kan inngåast på to måtar. Første valmoglegheit har to spørsmål til dei som skal viast. Andre valmoglegheit er at paret sjølv framfører ekteskapsløfta. Det skjer ved at begge gjentek etter presten: Eg tek deg (namnet) til ektefellen min. Eg vil elska og æra deg, og bli trufast hjå deg i gode og vonde dagar inntil døden skil oss. Kva ønskjer paret?

4. Overrekkinga av ringar
Det er mogleg å ta på ringar under seremonien. Om ein ønske det, kan dei som skal viast leia overrekkinga av ringar ved sjølv å framseia følgjande etter presten: NN, eg gir deg denne ringen som eit teikn på lovnaden min om kjærleik og truskap. Kva ønskjer paret?

5. Bøn for ekteparet.
Paret kjem fram til alterringen og kneler under bønna. Ein kan velja mellom to ulike bøn. Dessutan kan det føyast til eit fritt formulert bøn som f. eks. paret sjølv har skrive eller ønskjer. Her kan dei gje uttrykk for håpa og tankane sine om livet som ligg framfor dei. Det blir òg gjeve moglegheit til lystenning under bønna. Kven skal gjera det? Søsken? Foreldre? Forlovarane? Venner? Og korleis skal lystenningen skje? Viss ein vil, kan det syngjast ein bønnesalme medan ekteparet kneler på alterringen. Kva ønskjer paret?

6. Musikk/symbolhandlingar
Deltakarane i bryllaupsfølgjet og andre kan medverka med musikk, høgtlesing eller andre kulturelle innslag. Her blir gjeve moglegheit for kreativitet og deltaking for å gjera seremonien endå meir personleg. Det kan her t.d. bli opna for element som understrekar den etniske bakgrunnen til paret. Der den eine part har ei annan kyrkjeleg tilhøring enn Den norske kyrkja, kan det her bli opna for deltaking frå vedkommande kyrkjesamfunn.
Enkeltelement i seremonien - som musikk, opplesing og andre innslag - skal utformast i samsvar med at eit kyrkjebryllaup er ei kyrkjeleg handling av gudstjenesteleg karakter. Men det er opning for kreativitet, der dei som skal viast, kan få gje seremonien sitt personlege preg. Kva ønskjer paret?

7. Bryllaupsmesse
I Den romersk-katolske kyrkja blir alltid feira eit kyrkjebryllaup som ei messa, dvs. at det inngår nattverd i kyrkjebryllaupet. No har det òg vorte mogleg i Den norske kyrkja. Ønskjer paret ei bryllaupsmesse?

8. Prosesjonane
Skal bryllaupsparet gå inn saman? Skal det vera med brurejenter og brura sine venner? I rettleiinga til ordninga for vigsel heiter det: Dersom det er ønskeleg, kan dei som skal viast, éin eller begge, forlovarar, representant(ar) for familiane, liturg (dvs. prest) og andre gå inn i kyrkja i prosesjon. Kva ønskjer paret?

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Ulvik sokn

Ulvik Sokn

Storøyni 6

5730 Ulvik

Tlf 56.52.68.00

E-post: wm953@kyrkja.no

Opningstida kontor: ma-to-fr kl. 09.00 - kl. 14.00

Opningstida telefonisk kontakt: ma-ti-to-fr kl. 09.00 - kl. 14.00

Org.nr. 976.994.965

Bankrek.nr. 3450.24.00632

Vipps 125390

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"