Eksingedalen kyrkje er av typen langkyrkje, som blei bygd i 1881 i gråstein, sement og kvitpussa. Arkitekt Eckhof. Tårnet blei påbygd i ettertid, 1928. Kyrkja har galleri, og har sitjeplassar til ca. 150 personar.
Altertavla er av Den gode hyrde, måla av Gudersen, 1960.
Preikestolen og døypefronten, i tre og malt, er laga av Anders Lavik med fleire i 1883. Orgelet er eit pipeorgel, frå Norsk orgel og Harmoniumfabrikk, 1986.
I kyrkja finnes det ei Kyrkjeklokke frå 1882.
Av kyrkjesølv har kyrkja kalk, 25 særkalker, disk, vaser, brett og to lysestaker i messing.
Kyrkja har eit nedslagsfelt på 100 mennesker.