40-50 korsongarar saman med Marianne Juvik Sæbø, Ole Strøm og dyktige profesjonelle musikarar, presenterer eit variert program kor gospel er i sentrum. Gospel, musikkforma som oppstod i USA på slutten av 1800-tallet, har hatt ei enorm utvikling og utbreiing. Andraé Crouch vart inspirert både av den svarte gospelmusikken og den sekulære popmusikken på 1970-tallet. Dette blanda han saman og skapte genren «Contemporary gospel».
På konserten i Dale kyrkje komande søndag vert arven etter han ført vidare. Vi får høyre musikk av mellom andre Kirk Franklin, Tore Aas (Oslo Gospel Choir) og Sigvart Dagsland i tillegg til musikk av Andraè Crouch sjølv. Vi får også høyre Edwin Hawkins sin store slager: "Oh happy day».
Medverkande er prosjektkorsongarar frå Vaksdal, Arna, Samnanger og Fusa. Frå Vaksdal deltek også koret Kilden.
Solistar er Marianne Juvik Sæbø og Ole Strøm, og begge to har vore solist ved fleire konsertar i Vaksdal tidlegare. Fleire medverkande er Thomas Nøkling - saksofon, Sigmund Vik - bass, Arne Skorpe Sjøen - trommer og Simen Walle - gitar. Olav Arne Steinkopf er pianist, bandleder og korinstruktør. Dirigent på konsertane er Tone Synnøve Øygard Steinkopf.