Smittevern og konsekvensen av dette i julehøgtida.
Me i kyrkja er taksame for at me skal få feira jul i kyrkjene våre. Det er alikevel nokon ekstra hensyn å ta denne jula. Fint om du les og merker deg punktene under
- Det er avgrensa tal plassar grunna omsynet til smittevern.
- Påmelding på førehand er naudsynt.
- Send helst SMS, og skriv kven som høyrer til i same kohort.
- Fylg tilvisingane, både inne og ute, til dei som tek seg av smittevernet.
- Julegudstenestene vil vare i om lag ein halv time.
- Det blir ikkje fellessong i kyrkja, me samlast utandørs etter gudstenesta for å
- Hugs å ha på klede etter vêtilhøva.
Gudstenester i jula. (Hugs påmelding)
NESHEIM KYRKJE kl. 12.00. Julegudsteneste ved Edvard Bø, Anton Proskurnin og lokale song- og musikarar. Takkoffer til Kirkens SOS, Bjørgvin.
Påmelding seinast 23. desember til Magnar på tlf: 97 58 83 03. Få plassar att!
STAMNES KYRKJE kl. 12.30 og 13.30. Julegudsteneste ved Frode Kvamsøe og Ruben Gjertsen. Song ved Eirik Straume Normann. Takkoffer til Frelsesarmeen.
Påmelding seinast 23. desember kl. 12.00 til Monica på tlf: 96 20 76 85.
DALE KYRKJE kl. 15.00 og 16.00. Julegudsteneste ved Frode Kvamsøe og Ruben Gjertsen. Song ved Lars Ragnvaldsen. Takkoffer til Kyrkjelydsarbeidet.
Påmelding seinast 22. desember til soknerådet på tlf: 96 62 87 86
VAKSDAL KYRKJE kl. 15.30 og 16.30. Julegudsteneste ved Edvard Bø, Anton Proskurnin m/fl. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.
Påmelding seinast 22.desember til Grete på tlf: 99 26 81 28.
KYRKJEKONTORET I JULA
Kyrkjekontoret heldt stengt frå 23. Desember til og med 4. Januar. Om du treng å snakke med ein prest, kan du ringe Edvard Bø på telefon 908 40 624.