PÅ KLÅRFJELL. Konsert i Bergsdalen kyrkje søndag 3. september kl. 13.30

Det er i år 150 år sidan det fyrste Rødlandstemna - som no heiter Bergsdalsstemna - vart halde i Bergsdalen. Som ein del av feiringa vert det konsert med folkesongaren Berit Opheim m/fl

PÅ KLÅRFJELL. Konsert i Bergsdalen kyrkje søndag 3. september kl. 13.30

Konsert har overskrifta På klårfjell, og til den konserten har Berit Opheim samla tre grupper med songarar frå Vaksdal, Bolstad og Voss. Saman med dei skal ho framføre folkemusikk frå Bergsdalen, Eksingedalen, Bolstad, Evanger, Voss og Kvam i Hardanger, og det vert både samsong og solosong i løpet av konserten. 

Det vert kollekt ved utgangen.

Konserten avsluttar jubileumsmarkeringa som startar kl.11.00 same dag. Då er det gudsteneste der tidlegare prost Knut A Knudsen held preika, og Berit Opheim står for det musikalske saman med organist Ruben Gjertsen.

Mellom gudsteneste og konsert er det kyrkjekaffi med rømmagraut, kaker og kaffi - og sikkert høve til ein god drøs både med kjende og ukjende.

Foto: Roger Tallroth

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"