Dale soknerådet vil gjerne gjere noko med det, og opnar i fyrste omgang opp kyrkja to timar kvar tredje laurdag i månaden. Og i januar er dette komande laurdag. Då kan til dømes dei som er på handletur eller andre turar kombinere det med eit besøk i kyrkja.
Kyrkja er open for alle som
# Berre vil koma innom # Bli betre kjent med kyrkja # Ha ei stille stund
# Tenne lys # Vil sjå seg rundt # Få med seg ei lågmælt musikkstund
Desse timane startar med ei kort omvising for dei som vil ha det. Så vert det ei kort musikkstund, som regel ved lokale musikarar. No på laurdag er det Per Jørgensen som stiller opp. De vert og sett fram noko enkelt å ete og drikke, og det er høve til å tenne lys i lysgloben eller berre sitje stille ned.
Kl. 12.00 Kort omvisning
Kl. 12.30 Musikkstund
Laurdagane kyrkja er open i vår:
21. januar - 18. februar - 18. mars - 15. april - 20. mai