Frå og med Laurdag 26. september klokka 16:00 vert smittevernreglane i kyrkjene i Vaksdal avvikla. Dette betyr at Gudstenester og andre kyrkjelege handlingar, konsertar, kor, og andre aktivitetar kan avviklast som før Covid.
Me vil nytte dette høve til å spesielt takka tilsette, sokneråda og frivillige for den fantastiske insatsen som dei har lagt ner i den tida me har bak oss. Utan dykk hadde det ikkje vore mogleg å få gjenomført alle dei aktivitetane som me trass alt har klart å gjennomføre i denne tida.
Til sist. Me skal fortsatt ha fokus på å halda gode, sikre arangement, der alle føler seg trygge. Det er også viktig å vera klarover at det fortsatt kan komma kommunale tiltak som gjer at me lyt omstilla oss raskt.