No har Vaksdal sokneråd gjort vedtak om å kjøpe flygel til Vaksdal kyrkje. Dette er gjort både etter ønskje frå bygda og i samarbeid med Vaksdal kyrkjelege fellesråd, organisten vår og sokneprestane i Vaksdal.
Vaksdal kyrkje er ei steinkyrkje frå 1933. Den har svært god akustikk og vert gjerne brukt til konsertar. Pianoet er eit svakt punkt i den samanhengen. Grunngjeving ved organisten vår: "På grunn av sin gode akustikk har den (kyrkja) flere ganger blitt leid ut til plateinnspillinger. Kirken har et Jehmlich-orgel fra 1991 med 24 stemmer, men mangler et godt piano."
Flygelet er på plass, men ikkje finansieringa
Vaksdal sokneråd har fått hjelp til mellombels finansiering og har kjøpt eit pent brukt og godt flygel, eit Yamaha C3. Dette flygelet står allereie no i kyrkja og kan nyttast ved gudstenester, konsertar og kyrkjelege handlingar.
Vi opplever at det stadig oftare er ønske om solistar og spesielle musikkstykke – frå både brurefolk og frå pårørande ved gravferder. Difor er vi i soknerådet glade for å ha fått eit slikt instrument på plass. Vi trur det vil verta til gagn i både glede og sorg.
Under familiegudstenesta 21/8 vart instrumentet innvigd.
Det vert mange høve til å gje gåve til flygelet, både ved ofring i kyrkja og via vipps og nettbank:
Vipps: 137194
Bankkonto: 3530.23.95746
Vaksdal sokneråd