"vegen" er namnet på trusopplæringa i Vaksdal. Det er livsnære og kjekke samlingar for alle born, frå dåpen til dei er 18 år. Samlingane vil vere ulike, og tilpassa borna sin alder og gje del i den kristne kulturarven vår. Me opnar opp for det vakre Gud har skapt og for kunst og musikk.
Ver med - gå nokre steg på vegen saman med born og unge i kyrkjene og i heimane, enten du er born, ungdom, foreldre, besteforeldre, oldeforeldre, fadder eller berre vil vere med.
Meir informasjon finn du i kyrkjebladet, og det kjem som invitasjon i posten.