Ving

Ving

VING inviterer til samlingar med variert program og ulike aktivitetar i eit trygt miljø.
VING er ein stad der dei som kjem får bli betre kjend med Bibelen og den kristne bodskapen.
VING er ein stad der dei som kjem får møte menneske som trur på Jesus og som gjerne vil fortelje om han.

MATPENGAR
Menyen vil variere frå kveld til kveld, i haust vil me mellom anna servere vanleg kveldsmat, pizza og lappar, i tillegg til drikke. Dei som kjem på VING betalar vanlegvis kr. 30,- pr samling for maten.

MEDLEMSKAP
Når me søkjer om økonomisk tilskot til drifta av VING, er det fleira av dei me søkjer til som vil vite kor mange betalande medlemer me har. Difor ynskjer me at dei som går på VING teiknar seg som medlemar. Men dei må ikkje vere medlemar for å vere hjarteleg velkomne på samlingane!

Det kostar kr. 50,- pr. år å vere medlem i VING, og medlemskapet gjeld for kalenderåret. Ein melder seg inn ved å betale dette beløpet på ei av samlingane – og då slepp ein å betale for maten den kvelden.
Beløpet kan og betalast til kontonr 3530.23.09254. Hugs i så fall å skrive kva og kven innbetalinga gjeld for.

Til foreldre/føresette:
For dei fleste i denne aldersgruppa er det vel uvant å gå ut så seint på fredagskvelden. Me vil at de skal kjenne dykk trygge på kvar borna er når dei er ute på den tida. Så me ynskjer at dei borna som kjem på samlingane, vert verande i bedehuset til samlinga er slutt kl. 20.30, og at me då kan minne dei på å gå rett heim viss dei ikkje vert henta. Sei gjerne ifrå til oss viss de vil at dei skal gå tidlegare, slik at me veit om det. Men me kan ikkje halde nokon av dei att, viss dei seier at dei vil gå tidlegare. Viss de vil ha tak i oss, kan de kontakte Frode Kvamsøe (90 19 65 14) eller Oddveig Straume (98 63 87 30).

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"